Heim

KVIFOR TAKSERE?

DET ER MANGE SITUASJONAR I LØPET AV EIN BUSTADEIGARS LIV,

DER DET ER NØDVENDIG OG FORNUFTIG Å FÅ UTFØRT EIN TAKST


  • SAL - Ved sal av bustad bør ein syne til ein godkjent verditakst eller bustadsalsrapport i salsprospektet.
  • REFINANSIERING -  Ved refinansiering, for eksempel for å få bedre lånevilkår, er ein oppdatert takst eller verdivurdering ofte nødvendig.
  • SAMLIVSBROT - Ved samlivsbrot, der bustaden skal overtakast av ein av partane, er det svært fornuftig å få ein takst av bustaden for å få eit ryddig og rett oppgjer.
  • ARVEOPPGJER - Ved arveoppgjer, av samme grunn som ved samlivsbrot.



Tilstandsrapport etter

nye regler frå 1.1.2022


Ein tilstandsrapport skildrar bustadens tilstand samt skader eller avvik som oppdagast ved undersøking av bustaden.

Bustaden vurderast ut i frå kva som kan forventast av ein bygning på same alder og type. Vurderingane gjerast i hovudsak opp mot korleis det var vanleg å byggje og dei reglane som var gjeldande då bustaden vart oppført. Tilhøve som er vanlige for bygningens alder, slik som slitasje og forringelse etter normal bruk, vil sjelden vera noko du som kjøpar kan klage på.


Kva inneheld den nye tilstandsrapporten?

Tilstandsrapporten skildrar bygningsdelar og rom etter krava i forskrift om tilstandsrapport.


Nokre bygningsdelar og rom omfattast ikkje av minimumskravet til kva ein tilstandsrapport skal innehalde. Dette gjeld blant anna tilleggsbygg slik som garasje og andre frittståande bygningar, støttemurar, etasjeskillarar og utvendige trepper.


Det understrekast at rapporten ikkje erstattar selgars opplysningsplikt eller kjøpars undersøkingsplikt, men utgjer eit dokument som er meint å bidra til å auka

tryggleiken for alle impliserte partar. 

(Trykk for meir info)

Verdi og lånetakst



Ordinær verdi- og låntetakst.

Rapporten utarbeidast på grunnlag av takstingeniørens befaring og oppmåling av bustaden.


Rapporten inneheld ein teknisk skildring av bustaden saman med areala som er berekna på grunnlag av oppmålinga. Rapporten vil innehalde ei enkel skildring av vedlikehaldet av bustaden, dog utan at det er gjort grundige undersøkingar av den tekniske tilstanden.


Det understrekast at rapporten ikkje erstattar selgars opplysningsplikt eller kjøpars undersøkingsplikt, men utgjer eit dokument som er meint å bidra til å auka

tryggleiken for alle impliserte partar.

(Trykk for meir info)


Byggelånsoppfølging


Kredittinstitusjonar er ofte interessert i oppfølging av framdrift i byggeprosessar som dei har finansiert gjennom byggelån. Verktøyet for byggelånsoppfølging er ideelt for rapportering av framdrift og økonomi i større og mindre byggjeprosjekt.

Førehandstakst


Førhandstakst utførast dersom du vurdera å kjøpe ein ny bustad som skal byggast. Her kan takstingeniøren utføre ein rapport som syner den mest sannsynlege verdien på eigedommen etter at huset er sett opp etter dagens marknad i området.